Kalender

07 Jul
Skuggreidd CD
20 Jul
Lyden av fjell - CD - Ny utgjeving!!
20 Jul
Trøyllaugaprisen 2012
20 Jul
Lyden av Fjell - Ny platelansering!!
21 Jul
Onde Stakken - CD - Ny Plateutgjeving!!
21 Jul
Onde Stakken - Ny forestilling av året!!
Eventyrposter m kun logo og tittel

Med fjellbygda Heidal som eit unikt bakteppe, let festivalen deg oppleve og føle den ekte stemninga som ligg bevart i norske folkeeventyr. Festivalen passar for alle aldersgrupper og presenterer eit tettpakka program med musikk, teater, stemningsfulle vandringar, tradisjonsmat og overraskingar.

Festivalen er frå 17. til 21. juli 2012 og programmet vil bli slept gradvis i tida fram mot festivalen:

Allereie kan du bestille billettar til heilt nye forestillingar:

Onde Stakken og Lyden av fjell

Begge har blitt fornya med heilt nytt innhald i år. Les meir om forestillingane og
bestill billett her på nettsidene, eller ved å ringje 991 61 591.

Gå til Galleri for å sjå bilete eller til Program for ei utfyllande beskriving.
Her er og ein video frå Jakta på trollskatten , riktignok frå 2008.
Nederst på sida ligg det og ein liten musikkspelar med utdrag frå plata vår.

Ohodne(small)

Komiteen for Trollaugeprisen vedtok å gje prisen for 2011 til Ørnulf Hodne! Trollaugeprisen går til ein person eller institusjon som gjennom sitt arbeid held eventyrtradisjonen levande gjennom forsking og bevaring av folkeminne, formidling av tradisjonen til nye generasjonar eller å vidareutvikle og fornye eventyret som kunstform.

Hodne har gjennom eit langt liv som forskar og formidlar meir enn nokon annan spreidd kunnskap om og entusiasme for eventyr, folketru og folkelege tradisjonar.

Han er tildelt fleire prisar, blant anna Kungliga Gustav Adolfs Akademiens pris i 1994, Cappelens jubileumspris i 2004 og Kongens fortjenestemedalje i gull i år. Komiteen for Trollaugeprisen er stolt over å kunne føye ein ekte eventyrpris til denne lista!

Simen skoe i sin flotte kostyme som fugletemmer

Velkomen til norsk Eventyrfestival 2012! Etter ein kjempesuksess i 2011 ynskjer vi å takka alle innvolverte med strålande innsats! Vi håper at publikum og har hatt det like morosamt som oss!

Vi arbeidar no med utforminga av årets festival og vonar den blir minst like morosam og bra!

Hvis du er nyfiken kan du og melde deg på vår facebookgruppe eller klikk deg inn på galleri der du finn bilete frå i år.

Skuggreidd (cover og cd)

Vi i Norsk Eventyrfestival er stolte av i år å kunne presentere festivalens fyrste plateinnspeling. Plata heiter “Skuggreidd” og musikken er henta frå musikkteateret med same navn, noko faktisk bandet og heiter! Trygve Svindland har låga låtane og arrangert dei saman med bandet.

Musikken kan kanskje karakteriserart som livleg pop med ein smak av bluegrass Tekstane er på heidøl og ein del av dei er inspirert eller skriven på lokale historiar og segn.

Gå til PROGRAM for meir info

Nederst på sida ligg ein musikkspelar med nokre smakebitar. God fornøyelse!!

Kjerring_med_nasen_i_stubben

I Eventyrskogen møter publikum unike installasjoner i tova ull. Nokon er vanskelege å oppdage så det gjeld å sjå seg godt rundt og bruke god tid. Dei finns til lands, til vanns og i lufta med. Kostymane er i all hovedsak laga av ull, både i vevd stoff og filteteknikk.
Det særegne med Eventyrskogen er at han vaknar til liv ein gong i året. Etter at skogens eventyrlege vesen har trekt seg attende for året, ligger skogen like uberørt som den var, heilt fram til neste neste trolljakt.

Dei gode hjelperene

Har du lyst til væra ein av dei gode hjelparane på Eventyrfestivalen? Vi er i gang med å byggje opp ein flott gjeng til gjennomføringa av festivalen men treng framleis fleire gode hjelparar.

Dersom du er interessert i lokalt kulturliv og ei sosial vitamininnsprøytning er det stor fare for at dette kan væra noko for deg! Du treng ikkje å ha sju sumrar og fire vintrar i deg, men litt dugnadsånd kjem godt med.. Alle bidrag vil bli godt motteke! Hvis du er interessert klikk på linken så kan du laste ned eit skjema du kan fylle ut og sende til post@eventyrfestivalen.no

helsing Askeladden, Veslefrikk, Sjuande Far og resten av festivalstyret!

Eventyrskogen2_08

Norsk Eventyrfestival 17. -21. juli 2012

Kom til Heidalsskogen til sommaren og bli med til ei verd der det ikkje er uvanleg å møte på hulder, hekser og troll, eller andre urnorkse vesen for den del. Med utgangspunkt i eventyret om gutane som møtte trolla på Heidalsskogen vekkjer festivalen til live dei rike kulturskattane som ligg i norske eventyr og segn.

Billettsalget er opna for nokre av forestilingane, men vær tidleg ut for å sikre deg plass da vi har begrensa med billettar tilgjengeleg. Følg med ettersom vi legg ut meir av programmet her på nettsidene.

Sjå GALLERI for bilete frå festivalen.

Hillesvåg Ullvarefabrikk ASGudbrandsdalens Uldvarefabrikk ASRegionkontoret
Copyright 2009 Eventyrfestivalen. Innhaldet på denne sida må ikkje kopieres utan tillatelse.